Til sats.no
Bli medlem

5 steg for å ta treningen til neste nivå

5 steg for å ta treningen til neste nivå

Det første ein må slå fast er at kva ein treng for å ta treninga til neste nivå, vil være veldig avhengig av kvar ein er i treningsforløpet.

Ørjan Utne
Ørjan Utne
14. juli 2017

Dette innlegget vil fokusere mest på dei som gjerne framleis er i "nybegynnerfasen", sjølv om fleire av punkta gjerne kan være til inspirasjon hos meir erfarne treningsentusiastar. 

Treningsdagbok

Om ein har trent lenge utan noko struktur eller plan, er første steg for å få skikk på treninga utan tvil å invistere i ei god treningsdagbok. Ein kan gjerne følgje eit program, men om ein ikkje veit kor mykje motstand, sett, repitisjonar og pausar ein har er det vanskeleg å få noko særleg framgong.

Då er treningsdagbok den perfekte løysinga og mykje meir konkret og enklare å forhalde seg til ein enn app som ein mest sansynneleg endar opp med ikkje å bruke likevel. Ei god treningsdagbok er denne som ein kan kjøpe frå blant anna amazon.com.

Les også: Den ultimate guiden til styrketrening

Musikk

Det finst to ulike grupperingar når ein snakkar om lytting av eigen musikk i gymmen. Ein har dei som svergar til det og treng å høyre på eigen musikk for å gje det lille ekstra. Også har ein dei som tykkjer det er unødvendig og distraherandes. Det som er viktig når ein vel høyretelefonar er at dei ikkje har ledningar, da det bare vil være til bry når ein trenar. Jabra Move er eit godt eksempel med god lydkvalitet, solid kvalitet i metall og 5-6timar batteritid.

Om du vil ha eit billigare og meir trådløst alternativ går det an å få heilt trådlause øyreproppar til 111kr (150kr med frakt) fra Kina (wish.com). Med overaskande god lyd og bass og 2 timers batteritid er det eit genialt hjelpemiddel og ta med på treningsøkta.

Forpliktande oppmøte

Noko som hindrar mange i å få resultatene dei ynskjar på trening er rett og slett å komme seg dit. Eit enkelt men tydeleg naudvendig tips er rett og slett å ha ein forpliktande avtale. Dette gjør at ein får meir ansvarsfølelse ovanfor treninga, om det så være avtale med ein venn eller personleg trenar, eller bare det å melde seg på ein gruppetime. Kjem ein seg på trening er det mykje lettare å gjere eit stykke arbeid, spesielt om ein då i tillegg følg dei andre 4 stega.

Programmering

Dette steget samsvarar godt med første steg om å skaffe seg ei treningsdagbok. Ei felle mange går i er nemleg å trene det samme år etter år utan å få resultatene dei er ute etter. Ein fin møte å bryte dette mønsteret på er rett og slett å bryte mønster å prøve nye ting. Skaff deg eit program, gjerne heilst hos nokon som kan hjelpe deg med å skreddersy eit program som samsvarar med dine mål, og følg det. Om du ikkje har mulegheita til å få nokon til å hjelpe deg med dette, finst det mange gode program på nettet og kva som helst vil gi resultat om ein er displinert nok til å forplikte seg til det.

Kosthald

Som dei fleste veit men ikkje alltid klarar å følgje opp så er kosthald gjerne 70% av resultatet. Dei fleste bør då være inneforstått med at dette er eit punkt ein bør vie tid og fokus til. Likevel ser ein at kosthald blir neglisjert sjølv om treningsbiten gjerne er på plass.

Les også: 10 matvarer du bør spise hver uke

Eit godt tips til dei er å finne ut kva målet er, kor mange kaloriar (mat) dei bør ete og kva kaloriane bør bestå av (makronæringsstoff). Det beste er å få hjelp hos klinisk ernæringsfysiolog, men har ein tilgang til ein kyndig kosthaldsveileder kjem ein langt på veg med det. Appene "myfitnesspal" eller "lifesum" er lure for dei som vil ta kosthaldssbiten eit steg vidare og få litt oversikt over kva dei puttar i kroppen.

Er du nysgjerrig på hvilken treningsform som passer best for deg? Vi har gjort det enkelt for deg og samlet mange av våre treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.

Se vårt utvalg og sett sammen ditt eget medlemskap!

Bli medlem

Treningsmotivasjon | Styrke

Trening

Les mer om Trening →