Til sats.no
Bli medlem

Bør ein trene regelmessig?

Bør ein trene regelmessig?

– Ein dag utan trening er ein dag utan meining, messar ein eldre kar på senteret dagleg. Det høyres kanskje litt ekstremt ut, men det er likevel ikkje så dumt sagt, og i dette innlegget vil vi ta for oss kvifor.

Ørjan Utne
Ørjan Utne
10. mai 2017

Biologiske reaksjonar ved trening

Når ein trenar skjer det mange ting i kroppen. Noko av det første som skjer er at hjartet byrjar å slå fortare, for å kunne tilføre musklane med oksygenrikt blod. Utsetter ein hjartet for regelmessig aktivitet vil ein etter kvart få lavare kvilepuls og etter kvart som ein dannar nye blodårarar, få lavare blodtrykk.

Også hjernen tenar på at ein får ein aktivare kvardag. Den økte blodtilførselen førar til at hjernen fungarer betre ummidelbart etter ein byrjar å trene, og ein vil ofte føle seg meir fokusert etter ei økt. Ikkje nok med det, trening vil også fyre i gang produksjonen av nye hjernecellar. I hippocampus vil desse nye hjernecellene forbetre vår evne til å lære og huske.

Det viser seg faktisk at trening med motstand er den mest effektive måten å motarbeide osteoporose.

Ein annan faktor, og kanskje ein av dei viktigaste, er kva hormon som skillast ut i kroppen ved trening. Omtrent alt av stressreduserande hormon, som endorfinar, serotonin, dopamin, glutamat og GABA blir produsert ved fysisk akitvitet. Desse hormona får oss til å føle oss betre, og meir avslappa.

Trening blir faktisk rekna som den beste måten å halde depresjonen på avstand. Kvifor ty til medsinar når hormon som BDNF og endrofinar visar å ha same effekt som morfin og heroin utan nokon av bivirkningane?

Les også: Den ultimate guiden til styrketrening

Bein og ledd blir svakar med tida, det er eit faktum. Men med trening kan ein forhindre at denne prossesen går noko fortare ein den må. Det viser seg faktisk at trening med motstand er den mest effektive måten å motarbeide osteoporose. Derfor er det viktig at ein ikkje er redd for å ty til vekter, om det så være handtlar, vektstenger eller maskinar når ein trenar.

Følelsen av trening

Når ein spør det tidlegare nemnte medlemmet om det ikkje blir tungt i lengden å komme på trening kvar dag, vil vedkommande svare med eit lurt smil om munnen "Det er ikkje treninga som er tung, det er alt utanom treninga som er tungt".

Det tar gjerne ei stund før ein får fordøyd meininga bak desse orda, for det er ei meining bak dei. I ein travel kvardag er nemleg den timen du er på trening, di tid. Er det ein plass ein kan koble av å kun fokusere på nuet så er det på trening. Har ein først komen inn i treningsrutinene, og ein trenar for dei riktige grunnane, vil trening fort bli eit personlig tilfluktssted.

Les også: Slik finner du den indre motivasjonen til å trene

Dette resulterar i at tida du invisterar i trening, førar til at det du gjer i kvardagen blir enklare å komme seg gjennom. Om nokre dagar er tunge, og nokre øvelsar er VELDIG tunge, så er likevel treninga såre enkel å forhalde seg til. Det er kun deg og vekta, tredemølla, eller slynga.

Som dei visaste personlege trenarane seier: – Det er bare å halde munn og løfte.

Er du nysgjerrig på hvilken treningsform som passer best for deg? Vi har gjort det enkelt for deg og samlet mange av våre treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.

Se vårt utvalg og sett sammen ditt eget medlemskap!

Bli medlem

Treningsmotivasjon | Helse

Trening

Les mer om Trening →