Kva er realistiske resultat å opnå til sumaren? - SATS
Til sats.no
Bli medlem

Kva er realistiske resultat å opnå til sumaren?

Kva er realistiske resultat å opnå til sumaren?

Sumaren nærmar seg med stormsteg og ein kan observere fleire og fleire trappe opp treninga for fullt. Fleire av dei er gjerne personar som ikkje har trent sidan januar, medan nokon har holdt ein grei frekvens på ein par gongar i veka.

Ørjan Utne
Ørjan Utne
24. mai 2017

Plutseleg er dei på senteret eller ute å løpar 4-6 gongar i veka for å få mest muleg resultat til bikinisesongen. Men kva er eigentleg realistisk å oppnå på så kort tid? Og er det likt for alle? Det er dessverre ikkje sånn at fettet bare renner av med ein gong ein ete mindre og trenar meir. Eller at musklar bular ut både her og der av at ein tek nokre bicepscurl og pushup. Kroppen vår er "dessverre" såpass smart at hormoner og signal frå nervesystemet tilpassar seg forandringar i kosthold og treningsrutiner. Dette kallast homeostase og er viktig for å opretthalde eit sunt blodsukker, kroppstemperatur, ph-verdi pluss ei heil rekke andre kroppslige funksjonar.

Fettap

For å oppretthalde eit vedvarande fettap er det viktig at ein ikkje ligg i eit for stort kaloriunderskudd, da kroppen fort vil gå i beredskap fordi den trur at det er mangel på ressursar. Då er det mykje betre at ein "lurar" kroppen med å ikkje ligge i for stort underskudd. Med trening i tilegg vil du da kunne forbrenne fett medan du vedvarar det meste av dyrebar msukelmasse. Med den aukte kroppslige aktiviteten og det lave kaloriinntaket vil kroppen tenke at du er på jakt etter ressursar og prioritere å vedvare muskelmassen og heller brenne fett.

Bygge muskler

Når det gjeld bygging av muskelmasse er det mengde mat som gjeld. Mengde mat og muskelstress. Det er viktig at ein trenar med relativ høgt volum og frekvens for maksimum utbytte. Når det kjem til mat er det prioritering av protein og karbohydrat som gjeld. Ikkje ligg lavt på karbohydrat da det er dette makromolekylet som gir musklane energi.

Les også: Den ultimate guiden til styrketrening

Når det gjeld protein er det viktig at ein helst ligg mellom 1.4-1.6 gram per kg kroppsvekt for maksimal muskelvekststimulering. Det skal seiast at det å bygge musklar er ein langvarig prosses, og ein kan ikkje forvente store synlege resultat på 4-8 veker.

Det er likevel forskjell på folk og vil ein ha raske synlege resultat er det faktisk ein fordel og være utrent. Då har ein gjerne liten treningserfaring eller det er lenge sidan ein trente sist. Desto meir vekt ein har å bli kvitt eller muskler å bygge desto raskare vil forandring skje. Spesielt i begynnelsen. Og har ein vært i god form tidlegare kan ein rekne med å få enda raskare resultat då kroppen "huskar" denne formen og ynskjer seg tilbake til den.

Les også: 10 matvarer du bør spise hver uke

I tilegg til det så vil mange som legg om kostholdet sitt til det betre legge merke til at ein ser mindre ut, då ein blir mindre oppblåst av unnødvendig halv og helfabrikat, salt og raffinerte karbohydrat. Dette vil også være ein god startboost og gi motivasjon til vidare trening.

Økt treningsintensitet og hyppighet

Tips til deg som ynskjer å få raske resultat er å bruke "harris benedict" formelen for å finne ut kor mykje ein bør ete for å få resultatane ein er ute etter. Når det kjem til treninga anbefalast å auke treningsintensitet og hyppigheit. Prøv og få trent samme muskelgruppe 2-3 gongar i veka så lenge du kjennar du klarar å hente deg inn igjen mellom øktene.

Eller å prioritere styrketrening framfor vanleg langkjøring då dette setter fart på forbrenninga. Fokuser på HIIT trening om fettforbrenning er målet, eller tyngre trening om muskelaukning er målet.

Håpar dette satt lys på kva ein kan forvente på kort tid. Det er som sagt stor forskjell på folk, og for dei fleste vil det være urimeleg og forvente store forandringar i fysikk. Det er likevel ikkje å leggje skjul på at ein vil føle seg mykje betre, mindre oppblåst og meir energisk om ein trenar regelmessig og et fornuftig. En ting er sikkert, ingen blir har blitt trent av å ligge i sofaen, så det er bare å komme seg på beina å gi gass.

Er du nysgjerrig på hvordan du kan bli enda sterkere? Vi har gjort det enkelt for deg og samlet mange av våre treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.

Se vårt utvalg og sett sammen ditt eget medlemskap!

Bli medlem

Styrke | Vektreduksjon

Trening

Les mer om Trening →