Kva type trening passar best for meg? - SATS
Til sats.no
Bli medlem

Kva type trening passar best for meg?

Kva type trening passar best for meg?

Så du har endeleg kome over dørstokkmila. Kva no? For mange så er den tyngste jobben gjort, men no må ein finne ut kvar ein skal byrje.

Ørjan Utne
Ørjan Utne
14. juni 2017

Det første ein må gjere då er å definere eit mål. Er målet ditt å gå ned nokre ekstra kilo eller øke i muskelmasse, kondisjon, eksplosivitet eller mobilitet?

Uansett mål er det viktig at typen treningsform samsvararar med ynskja resultat. Om du er usikker kva målet er eller usikker på kva du bør gjere for å nå det, er det lurt å nytte ekspertisen som senteret tilbyr.

Om du har binding har du allereie ein time med personleg trenar inkludert i medlemskapet, så då kan det være lurt å nytte denne. PT kan være med på å definere eit realistisk og attraktivt mål for deg, og fortelle deg kva du trenger å gjere for å nå dette målet.

Kondisjon

Om du allereie veit at du treng betre kondisjon til dømes, er det fleire måtar å oppnå dette på. Alle vegar førar til Rom som dei seiar. Er det noko spesifikt du treng den økte kondisjonen til? Om du skal sykle Bergen-Voss er valet enkelt. Spinning er gruppetimen for deg. Skal du springe maraton er konseptet Indoor running midt i blinken for deg. Om målet om økt konsidjon er meir generelt, er det viktigaste for deg å finne treningsformen som du likar best.

Les også: Den ultimate guiden til kondisjonstrening

Om du ikkje har noko særleg sansen for konvensjonelle kondisjonstreningsformer som sykkling og spinning kan høgintensitets styrketrening være passande for deg. I så tilfelle er konseptet Prformance Hi-intensity perfekt. Der har ein dyktige instruktørar, som regel PTar, som passar på at du gjer øvelsane riktig med høgt tempo, så du alltid ligge i grenseland på kva lungane og musklane klarar.

Mobilitet

Fleire og fleire kjennar på kroppen at den kjennst gamal lenge før den er det. Det er vanskeleg å få på skoa, gå i fjellet og ta ting frå øvste hylle. Kroppen kjennst rett og slett stiv ut. Då kan det være lurt å jobbe med mobilitet og beveglegheit. Her kan ein også sette spesifike mål om å klare å utforske områdar i bevegelsar ein for augonblikket ikkje er i stand til.

Fleksibilitet, yoga, tøying

Vi anbefalar å prøve ut våre yogatimar, spesielt då konseptet Hi-yoga om dette er tilgjengeleg. Andre gode timar som FLX og Prformance Mobility er også bra alternativ.

Les også: Alt du trenger å vite om yoga

Eigavektstrening

Dette er ein av dei treningsformane som passar aller best for nybyrjarar. For det fyrste vil skaderisikoen være ein del lavare når ein kun arbeidar med eigen kropp, enn når ein legg til eit framandelement som vektstang eller liknande. For det andre vil ein ha moglegheita til å betre både kondisjon, styrke og bevegelegheit med å bruke eigen kropp som treningsverktyg.

Styrketrening, kettlebell

Dette er ein naturleg plass og starte, då ein blir kjend med kroppen på ein heilt anna måte. Når ein dannar eit styrkegrunnlag på den måten vil det være meir naturleg å involvere vektar og anna utstyr på sikt. Om du er usikker på kvar du skal starte med eigavektstrening eller "calisthenics" vil det være hensiktsmessig å dra nytte av ein personleg trenar som har kunnskap på dette feltet.

Håpar dette innlegget har hjulpet deg som medlem på SATSELIXIA til å finne ut kva type trening som passar for deg. Om du framleis er usikker ligg det mykje god informasjon om dei ulike tilboda på satselixia.no med videosnuttar og vanskelegheitsgradar på dei ulike timane vi tilbyr.

Uansett kva mål du måtte ha med treninga ynskjer vi deg lykke til på reisa. Finn noko du likar så vil du lettare kunne nyte reisa, når det kjem til stykke så er det den som tel.

Er du nysgjerrig på hvilken treningsform som passer best for deg? Vi har gjort det enkelt, og samlet mange av våre treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.

Se vårt utvalg og sett sammen ditt eget medlemskap!

Bli medlem

Treningsmotivasjon | Bevegelighet | Styrke | Utholdenhet

Trening

Les mer om Trening →